DIN VEG

DIN VEG

 

Ingen har varda den vegen

du skal gå

ut i det ukjende,

ut i det blå.

 

Dette er din veg.

Bere du

skal gå han. Og det er

uråd å snu.

 

Og ikke vardar du vegen,

du hell.

Og vinden stryk ut ditt far

i aude fjell.

 

 

Olav H. Hauge